30 nye år med det grøne treet

Støtt treet!

Hjelp oss redde det grøne treet

Det Grøne Treet ligg i hjartet av Volda sentrum, der det i 30 år har bidrege til å skape liv og røre. Det er ein kafè og utestad, og ikkje minst eit samlingspunkt for både studentar og lokale. På ”Treet” kan dei by på kaffi og kaker, eller om ein er svolten på noko meir kan ein velje blant dei mange lunsj- og middagsrettane dei har. På kveldstid blir det arrangert alt i frå konsertar til filmkveldar, altså har dei noko for ein kvar smak.

Bygget som Det Grøne Treet held til i står i fare for å bli revet, noko som betyr at ”Treet” vil forsvinne, og med det ein del av Volda sitt kulturliv. Ikkje berre mistar dei lokale ein samlingsplass, men tilbodet til dei mange studentane i bygda blir også betrakteleg mindre. Hjelp oss å halde liv i ”Treet” ved å sei di meining og skrive under på kampanjen.

Vi har hatt 30 gode år med treet, la oss ha 30 år til ­ #Redd treet.

Bli med andre og støtt treet