• VOLDA

    bakgrunnsbilde_test I Volda kommune budde det pr. 1. januar 2013 8827 innbyggjarar. Men folketalet aukar monaleg i perioden august - juni, då Høgskulen i Volda har registrert om lag 4000 studentar! I tillegg har Volda vidaregåande skule om lag 500 elevar.

    Volda er kommunesenteret, men her er òg tre lokalsenter: Fyrde, Folkestad og Lauvstad/Dravlaus. Desse sentra har skule, butikk og andre sørvistilbod.

    Volda har gode kommunikasjonar: Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden, har dagleg flysamband med Oslo og Bergen. Vi har dessutan dag- og nattbussamband til Oslo og Bergen, i tillegg til ”Timeekspressen” som startar i Volda og går til Ålesund, Molde og Kristiansund t/r.

    Tradisjonelt har primærnæringane vore viktige næringar i Volda kommune. I dag er det dei store offentlege institusjonane; høgskulen og sjukehuset, som er dei største arbeidsplassane i kommunen, medan Scana Volda AS er største industribedrifta med om lag 160 tilsette.

    Volda har elles stor variasjon av små og mellomstore bedrifter innan industri, handel og sørvis. Volda har også siste åra satsa medvite på kulturnæringane gjennom Søre Sunnmøre Kulturnæringshage AS, jfr. www.sknh.no, og Volda som studiebygd, sjå www.studiebygda.no

    Med dei nye vegsambanda ”Eiksundsambandet” og ”Kvivsvegen” er no Volda plassert midt i ein region med om lag 60 000 innbyggarar. Frå Volda er det no kort avstand til maritime og marine næringsklyngene i ytre søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein) og næringsmiljøa i midtre og indre Nordfjord. Velkomen til Volda!

    Volda er en kommune og et tettsted på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den grenser i nord og øst til Ørsta, i sør til Hornindal og Eid og i vest til Vanylven.Vest for åpninga til Voldsfjorden er kommunene Herøy og Ulstein. Man kan kjøre for.eks til Ulsteinvik fra Volda til å bruke den nye Eiksundtunnelen.bakgrunnsbilde_testVolda kommune ligger ved Voldsfjorden, der kommunesenteret Volda ligger, med tettstedet Folkestad på vestsida. Fjorden har sidearmene Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Innselset, Åmelfot, Steinsvik, Dale; Austefjorden med Hjartåbygda, Kalvatn, Høydal og Kilsfjorden med Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen.

  • VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE

    Skulen har desse utdanningsprogramma:
    * Studiespesialisering
    * Programområde for realfag
    * Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi
    - Medium og kommunikasjon
    - Musikk, dans og drama
    - Service og samferdsel
    - Påbygging til generell studiekompetanse
    - Tilrettelagt klasse

    Volda vgs. har ca. 520 elevar, 75 pedagogisk tilsette og eit driftspersonale på 20.

    HISTORIKK

    Volda private millomskule og gymnasium, seinare Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF, vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Skulen vart dermed 100 år i 2010, og det markerte vi i november 2010 med jubileumsbok, open skule og jubileumsfest. Ein særleg grunn til å ha open skule var at hovudbygget (øvre bygget) då var ferdig oppussa og kunne visast fram i ny prakt. Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, også den som den første av sitt slag i Noreg utanom byane.

    Frå og med skuleåret 1994/95 vart dei to skulane slått saman til ein skule under namnet Volda vidaregåande skule. Med innføringa av "Reform 94" (1994) gjekk den vidaregåande skulen gjennom store endringar. Studieretningane for allmenne fag og handels- og kontorfag vart slått saman til ei studieretning: Studieretning for allmenne og økonomisk/administrative fag. Med den nye reforma "Kunnskapsløftet" frå hausten 2006 heiter dette studietilbodet utdanningsprogram for studiespesialisering (ST).

    Frå skuleåret 1995/96 har skulen også hatt utdanningsprogram for musikk, dans og drama, og frå 2000/2001 medium og kommunikasjon. Hausten 2002 starta vi opp med utdanningsprogram for sal og service, som frå hausten 2006 heiter service og samferdsel.

  • HØGSKULEN I VOLDA

    Med over 4000 studentar og 300 tilsette er Høgskulen i Volda (HVO) den klart største utdanningsinstitusjonen i Møre og Romsdal, og mellom Bergen og Trondheim.

    Lærerutdanninga starta i Volda med Voldens høiere Almueskole i 1861. Med nokre korte opphald undervegs har Volda utdanna lærarar i over 150 år. I dag er Høgskulen i Volda kanskje mest kjent for medieutdanningane og det gode og aktive studentmiljøet med VEKA, Animasjonsfilmfestivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen som nokre av høgdepunkta.

    Høgskulen i Volda vil:
    * gje profesjonsutdanningar på BA- og MA-nivå for skule og barnehage, velferd, media og kultur
    * byggje på det fremste innanfor forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
    * vere nasjonalt leiande innanfor yrkesretta medieutdanning og anvendt medieforsking
    * ha eit særleg ansvar for nynorsk i fag- og profesjonsutdanning
    * vere ei drivande kraft i livslang læring prega av pedagogisk innovasjon for læring i eit digitalt samfunn
    * vere samarbeidande med andre institusjonar i inn- og utland
    * vere ein viktig samarbeidspartnar i regional utvikling
    * vere ein institusjon med eit levande, attraktivt og godt studiemiljø og med tett kontakt mellom lærar og student og mellom studentar

    *Bilde*

    STUDIETILBODA

    Høgskulen tilbyr 14 bachelorgrader, tre lærarutdanningsprogram, ei rekkje årsstudium og vidareutdanningar på heiltid, deltid og nett.

    I tillegg har høgskulen seks mastergrader: Kulturmøte, Sosial- og helsefag; Meistring og myndiggjering, Nynorsk skriftkultur, Samfunnsplanlegging og leiing, Dokumentar og Journalistikk og Undervisning og læring.

    FORSKING OG UTVIKLINGSARBEID

    Høgskulen i Volda har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet på ein slik måte at det gir utdanningstilboda eit solid grunnlag. Høgskulen har 220 fagtilsette. Av desse er 25 professorar og dosentar og 50 førstekompetente.

    Dei strategiske satsingsområda for FoU er:
    * journalistikk
    * kulturmøte
    * profesjonsforsking
    * utdanningsforsking, og
    * velferdsforsking

    Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og det er inngått eigen samarbeidsavtale mellom HVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. www.hivolda.no/fou

    ETTER- OG VIDAREUTDANNING

    Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein aktiv og dialogsøkjande aktør innan­for dette viktige feltet. Som den største kompetanse­leverandøren i regionen tilbyr HVO ei rekkje studietilbod som nettstudium, deltid og/eller desentrali­sert.

    Studiesenteret i Kristiansund og Kompetanse­senteret for kulturproduksjon og kulturformidling (SEANSE) er viktige delar av denne satsinga.

  • STUDIEMILJØ

    Volda ligg på Søre Sunnmøre, og er omgitt av vakker natur med fjordar, øyar og høge fjell. Her finn du eit mangfald av nasjonalitetar, aktivitetar og eit nært studiemiljø.

    I Volda bur det om lag 8000 menneske, men når studieåret tek til, aukar talet til godt over 10 000. Studentane set difor sitt preg på bygda og det som skjer. Tidlegare undersøkingar viser at studentane i Volda trivst. Dei er nøgde med det sosiale og faglege miljøet og kan engasjere seg i mykje.

    NOKO FOR ALLE

    Den varierte naturen gir deg høve til aktivitetar innan sjø- og båtliv, fiske, fjellvandring, skisport, eller andre former for idrett og friluftsliv. Om du er interessert i ski, fjellturar, klarting, fisking og friluftslive generelt, er Volda staden for deg.

    Er du meir av den kreative typen, er det også kafear, kino, galleri og andre tilbod som kan vere interessante å undersøkje.

    SUNNMØRSALPANE

    Sunnmørsalpane er dei alpine fjellområda i nærleiken av Volda. Enkelte fjell har tindar på opp mot 1700 moh. rett opp fra fjorden. Nokre av dei kjende fjella i Sunnmørsalpane er Slogen, Kolåstinden, Hornindalsrokken, Skårasalen og Råna. Meir om turar som vert arrangerte i Sunnmørsalpane finn du t.d. på Den Norske Turistforening.

    Sunnmørsalpane er eit unikt turområde, og har mykje turisme både sommar og vinter. I Sunnmørsalpane er det fleire skisenter, der to av dei er Volda skisenter og Ørsta skisenter, som ligg berre 20 minutt frå Volda.

    OM STUDENTLIV PÅ SUNNMØRE

    For å få mest mogleg ut av studia, er det viktig å trivast også når ein ikkje er på forelesning, i praksis eller på lesesalen. Eit godt studiemiljø er viktig både for det faglege utbyttet og for det sosiale livet.

    Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) har fleire tilbod til deg som likar å vere aktiv også ”etter skuletid”, Vi ønskjer at studietida di skal gli mest mogleg knirkefritt.

    Du skal ha det godt som student på Sunnmøre!

    Studere i Volda?
    Midt i mellom høge fjell og djupe fjordar ligg studiestaden Volda. Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på samme tid. Gir du litt av deg sjølv, får du garantert masse tilbake! Skal du delta på studentVEKA, Animasjonsfilmfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert nye vener og minner for resten av livet.

  • BILETE

    Bilde 1: “Inkluderande”
    bakgrunnsbilde_test Bilde 2: “Relevant”
    bakgrunnsbilde_test Bilde 3: “Tverrfagleg”
    bakgrunnsbilde_test Bilde 4: “Høg kvalitet”
    bakgrunnsbilde_test

  • PROFILERING

    Logo:
    bakgrunnsbilde_test

  • GAMLEGYMNASET

    Ta vare på gamlegymnaset i Volda!

    Publisert 01.11.2013 av red. Fortidsminneforeninga på Sunnmøre appellerer til Volda kommune om å ta vare på ein av bygningsperlene sine, "gamlegymnaset". Fortidsminnforeininga vil framheve at dette huset ikkje berre er viktig for Volda, men òg har nasjonal verdi.

    *bilde*

    Det er med uro Fortidsminneforeininga på Sunnmøre ser at Volda, den stolte gamle skulestaden, strevar med å ta vare på kulturarven sin. Den praktfulle gamle bygninga frå 1851 treng nytt tak, men dei folkevalde ynskjer å omdisponere desse midlane. Her er leserinnlegget som foreininga sende til lokalavisa før siste kommunestyremøte. Det er ført i pennen av styremedlem Kari Hasle:

    Kva vil ordføraren gjere med Gamlegymnaset?

    Den vakre trebygningen på Engeset representerer eit grunnleggande stykke Voldahistorie. Her vart landets første gymnas på landsbygda med eksamensrett etablert. Gymnasbygningen står som eit ruvande symbol på Volda som skulestad. Bygget sine unike kvalitetar gjer dette til eit hus med høg verneverdi, også i nasjonal målestokk.

    Volda har gjennom 152 år vore kjend som skulestaden i vår landsdel. I 1861 vart Voldens høiere Almueskole oppretta. Denne skulen la grunnlaget for to ulike skular i lokalsamfunnet: Volda Lærarskule, etablert i 1895 og Volda Gymnas oppretta i 1910. Men gymnasbygingen på Engeset har ei historie som strekkjer seg enno lenger tilbake i tid.

    Bygningen, reist i 1851, var opphavleg ein gard for kapteinar i det Bergenhusiske Infanteriregiment, og gjekk difor under namnet Kapteinsgard. Aage Stabell, som hadde vakse opp i Kapteinsgarden, starta Voldens private middelskole i huset i 1891. I 1902 fekk byget ein ny og rommeleg andre etasje. Med dette fekk skulen fire klasserom til, og også demonstrasjonsrom og naturfagsamling. Privatskulen gav eitt- og toårige kurs, og i 1907 starta Stabell også opp ei førsteklasse med 19 elevar i det einaste private gymnaset på landsbygda i Noreg. Skulen hadde lenge stramme driftsrammer. Då Olav Riste og J. Fr. Voss i 1910 tok initiativet til å opprette Volda private Mellomskule og Gymnasium, var kommunen med som støttespelar. Skulen fekk kommunetilskot frå 1910 og statstilskot frå 1913-14. Som styrar og rektor ved skulen stod Olav Riste som eigar av skulen fram til 1946. Først då vart Volda Gymnas fullt ut offentleg. I 1963 flytta gymnaset inn i nye og moderne lokale. Møre og Romsdal Fylkeskommune hadde ansvaret for bygningen fram byrjinga av 1990-åra. Då tok Volda kommune over som eigar.

    Fleire tusen skuleelevar har erfart sine beste år i bygget som i nyare tid går under omtalen Maurtua. Årleg kjem her mange tidlegare skuleelevar og skuleklasser og let seg fotografere på trappa til bygningen; akkurat som dei sto den dagen dei vart uteksaminerte ved skulen. Ikkje få tilreisande har spurt seg korleis Volda forvaltar identiteten sin som skule- og kulturstad i møte med den nedslitne bygningen. Forfallet vekker også engasjement mellom innbyggjarar i Volda og i regionen elles: Vi må ta betre vare på bygget!

    I dag veit vi at situasjonen for bygningen er prekær; taket er lekk og vatn renn inn. Taket må leggast om. Vi veit alle at tett tak er ein føresetnad for å sikre ein bygning. Eit overslag synleggjer at dette ikkje treng koste all verda; om lag to millionar kroner er omlegginga estimert til å koste. Vi les i Møre laurdag 26. oktober at administrasjonen og formannskapet si tilråding til dagens kommunestyremøte er å omdisponere og fjerne midlar frå ei tidlegare planlagt utbetring/ombygging av skulebygningen. Ordføraren uttalar at vi ikkje må gløyme Maurtua, men seier samstundes at det føremålet kommunen tok opp lån til ikkje lenger er aktuelt. Kva vil ordføraren og kommunen gjere med Gamlegymnaset?

    På kommunestyremøtet vart det vedteke at administrasjonen skulle rekne på kva det vil koste å legge om taket og eventuelt få det inn på budsjettet for neste år. Saka kjem altså opp att og vi voner at både voldingar og andre vil engasjere seg i å finne ei løysing for skulen.

  • HISTORIE

    Volda har vore skulestad heilt frå 1861 då Volden høiere Almueskole vart oppretta. Volda lærarskule vart oppretta i 1895 og Volda gymnas i 1910. Myke av denne gamle skulehistoria er i ferd med å forsvinne. Eit viktig signalbygg som enno står igjen, er det som vert kalla Gamlegymnaset.

    Huset er frå 1851 då kapteinar i det Bergenhusiske Infanteriregiment reiste huset. Det har difor også gått under namnet Kapteinsgarden. I 1891 starta Voldens private middelskole i huset. Frå 1910 vart Volda private Mellomskule og Gymnasium oppretta i dette huset. I 1963 flytta gymnaset inn i nye lokale i det som dag heiter Volda vidaregåande skule.

    Etter den tid har det vore kulturaktivitetar som øvingslokale for band, folkemusikkgruppe, amatør-kunstmålarar og andre. Huset vert òg kalla Maurtua. Det har vore lite vedlikehald etter gymnas flytta ut. Volda kommune overtok huset frå Møre og Romsdal fylkeskommune på 1990 talet for kr. 1,-. Maurtua er framleis i bruk til kulturaktivitetar, men står til forfall. Det er malingsslitt, har knuste vindauge og det er registrert taklekkasje.

    Volda kommune er ikkje villig til å bruke pengar på dette, sjå skanna innlegg frå avisa Møre 31.oktober d.å. av Kari A. Hasle. I dag vert uteområdet vedlikehalde av ei gruppe arbeidsledige personar som går under namnet STYRK. Dei har basen sin i uthuset med klokketårn som vert kalla Trønderen.

  • PROSJEKTET

    Volda kommune fekk tildelt prosjektmidlar for 2008 i samband med styrking av oppfølgingsarbeidet innan rusmiddelmisbruk og bustadsosialt arbeid. Kommunen har tilsett to miljøterapauter i 100% stilling. Prosjektet har fått namnet STYRK.

    Volda kommune ynskjer gjennom STYRK å utvikle tilgjengelege og fleksible tenester som kjem i tillegg til det eksisterande tenestetilbodet.

    STYRK har eiga prosjektleiar, og er organisatorisk plassert under tenesta for psykisk helse. Miljøterapeutane arbeider utadretta, men har kontor ved Omsorgssenteret.

    MÅLGRUPPE

    STYRK har som hovudmål å tilby eit tettare oppfølging til menneske med rusmiddelproblem og menneske som er vanskelegstilte på bustadmarknaden.
    Ved hjelp av miljøterapeutisk oppfølging vil prosjektet søke å styrke den enkelte sine ferdigheiter i å meistre kvardagen.

    Målgrupper:
    * Personar som står utan bustad etter opphald i institusjon
    * Sosialt vanskelegstilte som treng hjelp til å oppretthalde ein busituasjon
    * Personar som står i fare for å bli langtidsmottakarar av sosialhjelp
    * Personar som står i fare for å utvikle rusmiddelproblem
    * Unge (16/18 - 24 år) som oppfølgingstenesten i vidaregåande skule (:OT), barnevern eller andre melder bekymring for grunna åtferd, isolering og anna

    Kriterium:
    Søknader vert vurderte i samråd med NAV Volda, tenesta for psykisk helse, barnevernstenesta og miljøterapeutane. Det vert fatta enkeltvedtak og søkjar har klageadgang. Søknadskjema finn du ved NAV Volda, barnevernstenesta på rådhuset i Volda eller ved tenesta for psykisk helse på Volda omsorgssenter.

  • INFORMASJON

    Kontaktinformasjon:
    Prosjektleiar: Solfrid Teigen tlf. xx xx xx xx, epost: Solfrid.teigen@xxxxx.xxxxxxx.no
    Miljøterapeut: Gøril Melle tlf. xx xx xx xx, epost: Gøril.melle@xxxxx.xxxxxxx.no
    Miljøterapeut: Geir Sæther, tlf. xx xx xx xx, epost: Geir.sater@xxxxx.xxxxxxx.no

    SAMARBEIDSPARTNARAR
    Ein vil ha eit nært samarbeid med NAV Volda, tenesta for psykisk helse og barnevernstenesta, samt andre relevante instansar.

  • SKRIV TIL OSS

    E-post til { Skulestaden Volda }.